Sigfrid Hernes (1956) jobber med tegning, fotografi, video og animasjon, og har vært medlem i Tegnerforbundet siden 2006. Hernes utfører detaljrike tegninger ofte med tusjpenn, kritt og blyant på papir. Et gjengående motiv i hennes tegninger er landskapet i og rundt Finnmark, hvor kunstneren holder til.
Hernes landskap har noe overveldende og magisk over seg, og bruken av svart-hvit toner understreker dens dramatikk og den altoppslukende stillheten som omgir dem. Verkene er på den ene siden nesten av dokumentarisk karakter i sin framstilling av for eksempel landegrenser gjennom naturen, erosjon og avlagring i steinformasjoner, eller menneskelige inngrep i landskapet gjennom gruvedrift. På den andre siden kan det fullstendige fraværet av mennesker i Hernes landskap også være uttrykk for menneskets mindre betydelighet, sammenlignet med naturen som alltid har vært der. Denne blandingen av en saklig, nesten vitenskapelig tilnærming og den eksistensielle, meditative undertonen, gir Hernes tegninger et særeget uttrykk. Sigfrid Hernes bor og arbeider i Alta, Finnmark. Mer informasjon om Sigfrid Hernes her.
TF: Sigfrid, kan du fortelle litt om ditt kunstneriske virke?
SH: Eg gjekk ut av Statens kunstakademi i 1994. Avgangsutstillinga mi var tegningar med svart tusj og tusjpenn på kvitt papir. Det kvite papiret og den svart-kvite verda har vore universet mitt også i ettertid, sjølv om eg brukar mange slags tegnereidskapar.
Eg arbeidar med fotografi og tegning, litt video/animasjon og ein installasjon til no.
Etter akademiet lagde eg ein serie med tegningar av stillbilder frå filmar og reportasjar som var viktige for meg. Tittelen var «Ingen veg attende» «Point of no return». I disse arbeida tegna eg TV-skjermen og dataskjermen sin oppbygning inn i det figurative stillbilde. Det var magisk då fjernsynet kom inn i stova heime på 60-talet. Ei ny tid byrja. Verda der ute var med eitt her, berre ein skjerm imellom.
Naturen er sentral i tegningane mine. I aude landskap, i fjell, under himmel, i mellom trær, ved steiner og elver finn eg mange av motiva mine. Nokre titlar på seriar er; «Lekeplassen min» «Komme vekk- være i draumen» Det er mogleg det handlar om lengten attende til tida før fjernsynet, før industrien, før elektrisiteten.
Eg har hatt fast bopel i Finnmark i 26 år. Mitt forhold til nordområdene har endra seg på desse åra ifrå å kjenna meg fri i aude landskaper til å kjenna meg uvel og tarveleg over alle inngrepa vi gjer i naturen. Ein kan også seia at den norsk-russiske grensa er eit inngrep i naturen som hindrar folk og dyr å ferdas fritt. «Beautiful border. Do not cross the line» er ei utstilling med tegninger og foto mellom anna vist på Teminal B, Pikene på broen, i Kirkenes i 2018.
TF: Hvordan bruker du tegning i arbeidet ditt? Fortell litt om arbeidsprosessen din!
SH: Eg brukar tegning som eige uttrykk. Arbeidsprosessen startar ofte med at eg skisser kjenslene mine. Det kan være figurative figurer eller ljos og mørke på ei flate. Brukar både skisser, fotografi og digitale verktøy for å skapa motivet eg tegnar til slutt. Fotografi er ei mekanisk attgjeving av det fotoapparatet greier tegna. Eksponeringa er som oftast berre eit utgangspunkt, både når eg tegner og når eg lager fotoutrykk.
TF: Hva inspirerer deg? Jobber du ut fra et tema?
SH: Drivkrafta mi, trur eg, er å kjenna på eksistensielle grenser og å undersøka desse visuelt.
TF: Hva jobber du med for øyeblikket?
SH: «Eg er natur» er mellom anna ein serie med tegningar kor eg utforskar gråsona mellom natur og kultur. Eg stilte ut 4 store tegninger i Meieriet kulturhus på Leknes i Lofoten i år, og skal også vise tegningar fra serien i Alta kunstforening til neste år.
«Gentle touch/Varsom berøring» er eit 10-årig prosjekt ute i naturen i nord. Tema her er å undersøka og å visa at me alle lager spor i naturen og at det er omtanken for oss sjølv og naturen som gjer at spora vert små og gjer liten skade på naturen og oss sjølv. Dette er i samarbeid med billedkunstner Gunn Harbitz. 13 tegninger av stein vert prega inn i kvite marmorplater med laserprint. Platene er 9x9 cm og vert montert på 13 påler, (10 cm over bakken), som utgjer punkter på ein sti. Stien er 2,5 km i utmark, og fører til ein skiferstein og kopien i massivt glass.
TF: Hva betyr tegning for deg/ ditt arbeid?
SH: Eg tegnar alltid på ein tegning. Uroa eg kjenner, blir mindre so snart ei ny tegning er på veg. Å tegne er å sjå, og eg brukar mykje tid på å sjå på tegninga underveis i prosessen. Tenker på det som at tegninga får kvile. Slik blir tegneprosessen ei slags reise som både er planlagt og som blir til undervegs. Sjølve tegninga, handa som lagar strek, punkter, flater er ofte meditativt og godt, men kan også vera utfordrane og nervepirrande.
TF: Fortell litt om dine arbeider i Tegnerforbundets salgsavdeling!
SH: Det er to tegninger i serien/prosjektet; «Eg er natur»; «Å være all tid 1», «Å være all tid 3» Vi mennesker er i kretsløpet både når vi lever og når vi er døde. Dette freistar eg forstå gjennom å visualisere det. Konkret viser tegningane motiv av steinar på bakken.
_
Se tilgjengelige tegninger av Sigfrid Hernes i vår nettbutikk.