Nyhet

Månedens tegner: Kay Arne Kirkebø

Nov 1, 2017

Kay Arne Kirkebø (født 1979) ble medlem av Tegnerforbundet  i høst 2011. Han er kjent for sine detaljrike tegninger av intrikat arkitektur og tilsynelatende uendelige bylandskaper. Med en presis strek tegner han utopier eller marerittaktige byvisjoner, alt etter hvem som ser. Det er lett å gå seg vill i tegningene hans, som betrakter og tilsynelatende som innbygger også. I sine egenproduserte zines får Kirkebø vist en annen side av kunstnerskapet sitt. Presisjon gir rom for en avslappet slacker- strek, og arkitekturen viker for underfundige, og tidsvis truende, hverdagsscener. Kay Arne Kirkebø arbeider og bor i Bergen.

TF: Kay Arne, kan du fortelle litt om ditt kunstneriske virke? 

KAK: Eg tok mi utdanning ved kunsthøgskolen i Bergen, både bachelor og master. I dag har eg mitt virke som kunstnar i Bergen og jobbar hovudsakelig med teikning som uttrykk gjennom fleire forskjellige metodar; tradisjonell teikning på papir, animajson bok og zine og i nyare tid også teikning i rom.

TF: Hvordan bruker du tegning i arbeidet ditt? Kan du fortelle litt om arbeidsprosessen din?

KAK: Ettersom eg jobbar for det meste med teikning er det til stades i alle mine ledd av arbeidsprosessen. Frå skisse, planlegging og idèstadiet til det endelege uttrykket. Som oftast så befinn desse forskjellige stega seg på det samme arket eller flata. Eg prøvar å halde min arbeidsprosessen så open som mulig, eg kan ha ein vag ide om ka eg har lyst å jobbe med eller ka det endelege verket skal bli, men dette kan også endre seg undervegs. Eg finn det befriandes å ha fleire pågåandes prosjekt samstundes på denne måte gjev dei næring til kvarandre, og hjelper meg i å sjå nye retningar eg kan ta dei i. Umiddelbarheita med teikninga tillet dette. 

TF: Hva inspirerer deg? Jobber du ut fra et tema?

KAK:Det varierar veldig fra prosjekt til prosjekt og kan endre seg i tråd med det utvikling. I mitt siste bokprosjekt "All Is Lost", henta eg inspirasjon frå det kvardagslege og kanskje litt kjedelige. Rutiner vi dagleg går i gjennom, bekymringar og tristheit som vi går å bærer på i det skjulte, det tragikomiske. Musikk og litteratur som kretsar rundt dei samme tema som eg jobbar med er også til stor inspirasjon. Eg er også veldig opptatt av ka som skjer på tegnescena, og finn inspirasjon fra andre teiknekunstnera også. 

TF: Hva jobber du med for øyeblikket?

KAK: Nå har eg nettopp holdt ei utstilling ved galleri Felt i Bergen, kor eg viste fram eit heilt nytt animasjonsarbeid og ei ny blyantteikning som vart gjort direkte på veggen i gallerirommet, noko som eg ikkje har gjort tidlegare. Så no jobbar eg vidare med dette prosjektet, lager skisser for nye veggteikningar og jobbar med eit nytt animasjonsarbeid. Samstundes jobbar eg også med nye teikningar i min "Isometric Structure" serie som har planlagte utstillingar for dei kommandes åra og ei ny bok som forhåpentlegvis vert lansert neste år.

TF: Hva betyr det å tegne for deg og ditt arbeid? 

KAK: Det å teikne betyr eigentleg alt for meg. Det er gjennom teikning at eg opplever at min persepsjon av tid opphøyre, at eg gjev meg fullstendig hen til armens bevegelse og overflata som eg påfører mitt avtrykk. Det er kunn gjennom teikning at eg opplever denne formen for konsentrasjon, og for mine arbeid er det essensielt. Av alt som er usikkert her i livet, er teikning det eg med sikkerheit kan sei at eg kjem til å drive med til eg døyr.

TF: Kan du til slutt fortelle litt om dine arbeider i Tegnerforbundets salgsavdeling?

KAK: Desse to teikningane er frå ein pågåandes serie kor eg jobbar ut ifrå eit isometrisk perspektiv. Dette perspektivet vert ofte brukt i maskin og arkiteturteikningar men var også veldig synleg (og fortsatt er) i 90-tall dataspill som til dømes syndicate, simcity og UFO som også har vært ei inspirasjonskjelde for desse arbeida. Dei er av ein meir skjematisk stil som viser til eit samfunn styrt av instruksar og automatikk. Teikingane er del av ei lita historie som er gjort til forlaget Blokks antologi "Byrjing" utgitt tidligare i år.